Velkommen til museet Gamle Vossebanen!


Gode nyheter!

Museet Gamle Vossebanen har fått tilsagn om støtte på 100 000 frå Kulturminnefondet til å fortsette arbeidet med vår 100 årsjubilant, den spesielle passasjer, post og reisegodsvogna BDFo2-11 620 frå 1921.

150472043 5140594849345628 4799775058834712686 o

Slik ser 620 ut i dag, ståande i verkstedet med stillas og forhåpentligvis snart med ny takkpapp på heile taket.

Det betyr mykje for oss å få nr. 620 i drift igjen. Den er både den einaste i sitt slag, og svært nyttig for drifta på GVB. Konduktøravdelinga gjer at mannskapa våre får ein god og historisk riktig arbeidsplass, og reisegodsrommet gjer det mulig for oss å frakte syklar, barnevogner og anna reisegods på ein måte som ikkje er til hinder for andre. I godsrommet er det også manometer for bremselufttrykk, sjukebåre og ein del nød-verktøy og deler. Postkupéen gir eit godt bilde på korleis toga spilte ein viktig rolle for folk langs bana, og merkingen av små og store stoppeplasser langs jernbanen mellom Bergen, Voss, Flåm og Granvin er framleis på plass på posthyllene. Og sjølvsagt, dei 3 passasjerkupéane gjenskaper tidlegare tiders togreiseopplevelse på ein god måte. Alt i alt viktig for å kunne kjøre eit autentisk passasjertog mellom Garnes og Midttun.

620 vart levert frå Svenska Maskinverken i Södertälje i 1921 til Drammen distrikt for trafikk på Vestbanenettet. Seinare har den vore rundt i dei fleste av NSB sine distrikt, men endte opp med å gå dei siste åra mellom Bergen og Voss fram til den vart utrangert og Norsk Jernbaneklubb fekk disponere den, frå 1979, etter nesten 60 år i drift. Med andre ord har den høyrt til her i mange tiår etterkvart. Innredninga består av 3 passasjerkupéar, postkupé, godsrom og konduktøravdeling. Mesteparten er som originalt, men i løpet av driftstida vart ein del av overlysvindua blenda og trebenkane vart bytta med meir moderne seter i 1963.

150592877 5140594426012337 6945010267188346929 o

Slik såg det ut då NSB brukte 620, her står ho klar til avgang i velkjente omgivelse på stasjonen i Bergen.

Det er eit omfattande arbeid som må gjerast før 620 kan rulla igjen, men mykje arbeid er alt gjort og med tilskuddet som no er innvilga ser det lysare ut enn på lenge. Det første som vart gjort i «nyare tid» var taket at over postkupéen vart fornya i 2009 etter ein stor råteskade. Vogna kunne då brukast eit par år, før behovet for omfattande vedlikehald igjen meldte seg. Vogna vart den aller første til å komme under tak i den nye Vognhallen vår på Seimsmark, og har stått der sidan vi opna byggetrinn 1. Då vart takpappen og ein del innvendige plater fjerna for å få oversikt over tilstanden. Arbeidet har sidan pågått i varierande grad, men har i vinter stoppa opp i påvente av pengestøtte. Tilskuddet som no er tildelt skal gå til å sette i stand tak, bremser og elektrisk anlegg, og slikt er ganske spennande på ei 100 år gamal vogn.

På alle våre gamle trevogner er heile vognkassen laga i tre. Furu eller eik kledd med teak på utsida, og panel eller plater på innsida. Oppbygginga er nesten som ein blanding av hus og båt. Sidan toga beveger seg må konstruksjonen tåle krefter i alle retningar, i motsetning til hus som helst skal stå i ro. Det er derfor mange avstivingar inne i veggane, horisontalt, diagonalt og vertikalt. Desse er både innfelt i kvarandre og festa med spesiallaga stålbeslag. I tillegg er bunn og toppsville trekt saman med jern som går gjennom heile veggen. Takkonstruksjonen er svært smekker og utforma med oppbygg i heile vognlengden med vindu i oppbygget som slepp inn lys. Som nevnt har nokre av desse vindua vore der heile tida, andre er laga på nytt og skal monterast før vogna vert sett i drift igjen. Det er forøvrig Hardanger fartøyvernsenter som har laga dei nye vindua, basert på originale teikningar og mal frå dei vi fortsatt hadde.

151428661 5140594832678963 43507875150918007 o

Her ser ein takoppbygget med opningane der vindusrammene og overhalte ventilar skal plasserast.

Bremsesystemet er basert på trykkluft som kjem frå dampkompressoren på lokomotivet. Hovudluftledninga går gjennom heile toget og gjer det mulig for lokføraren å «fjernstyre» bremseventilane på kvar vogn. Før dette systemet kom måtte det vera personell i vognene som manuelt sette til og løyste ut bremsene, såkalla håndbremsing. Vogna har sin egen trykklufttank og systemet er slik laga at dersom det oppstår ein lekkasje vil bremsene gå på av seg sjølv.

Det elektriske anlegget er også spesielt, i allefall i dag. Det heng ein batteribank under vogna som forsyner lysa om bord med 36 volt likespenning. Denne vert lada av ein generator med reim inn på eit reimhjul på eine hjulakslingen. Ladinga skjer altså så lenge toget er i bevegelse. I konduktørrommet er det mikrofon og forsterkar slik at togpersonale kan snakke over høgtalaranlegget. Dette vert kobla opp mellom vognene slik at signala vert formidla gjennom heile toget.

Å ta vare på ei gamal passasjervogn er med andre ord ikkje nokon liten oppgåve, og konstruksjonen er så spesiell at dei færraste yrkesgrupper i dag vil kunne gå i gang, utan videre. Men, vi har gjennom over 30 år med dugnadsarbeid, og ein del innleigd arbeidskraft, opparbeidd oss kunnskap og erfaring som gjer oss i stand til å restaurere og vedlikeholde dei gamle vognene, til glede for passasjerar og ettertida. For oss som bruker fritida vår på dei gamle toga er det både lærerikt, interessant og sosialt. Det siste i allefall utanom Corona! 

Vi er veldig glade for tilskudd som gjer det mulig for oss å fortsette, og om fleire vil vera med på arbeidet er alle hjarteleg velkommen til det! Ein treng ingen fagutdanning eller forkunnskap, vi har arbeid som passer til alle, eit flott verkstadbygg, erfarne og uerfarne i eit triveleg sosialt fellesskap!

20201222 182231

Slik håper vi snart å sjå 620 igjen, bakerst i toget på veg oppover Arnadalen. Foto: Morten Larsen

Mer informasjon

Har du spørsmål kan du finne mer informasjon her: Praktiske opplysninger, eller sende oss en melding på våre Facebook-sider.

Trafikkbrosjyre med mer informasjon om strekningen kan lastes ned her.

Toget kjører den 18 kilometer lange strekningen mellom Garnes stasjon og Midttun stasjon. I sesong er det avgang hver søndag fra midten av juni til midten av september. To avganger fra Garnes stasjon 11:30 og 14:30 og fra Midttun stasjon 12:30. Billetter kan kjøpes på Garnes stasjon før avgang eller hos billettøren ombord.

uk flag Tourist information

Travel information for English speaking passengers is available here: Tourist information