Opning av stasjonsparken på Arna Gamle Stasjon

 MEL4080 900Foto: Morten E. Larsen

Søndag 27. august kl 14. går flagget til topps i den nye treflaggstanga når Museet Gamle Vossebanen inviterer til opning av den ferdigstilte stasjonsparken på Arna Gamle Stasjon.

Parken er gjenoppbygd frå ein gjenngrodd grusplass til ein vakker klassisk stasjonspark til glede for både togpassasjerar og folk i bygda som jernbanen har sett så stort preg på. Det var Bergen Rødt som sørga for at det vart bevilga 450 000 til prosjektet. I tillegg har GVB sjølv bidratt med ein betydeleg egeninnsats. Det er gjort eit stor arbeid i forkant med dispensasjonssøknader, dokumentasjon og planlegging før sjølve arbeidet vart utført av profesjonelle anleggsgartnarar. På opningsdagen framstår parken slik den gjorde på tidlig 50 tall med grusgangar omkransa av brostein, klassiske grøne benkar og vakker beplantning.

Det blir helsing frå kommune, fylkeskommune, nabolaget og ikkje minst representant Mailiss Solheim-Åkerblom som er å takka for at bevilgninga kom. Deretter blir det lunsj med dessert for inviterte gjestar i spisevogna, med lokomotiv 30a 271 i front.

Her kan du lese mer om jobben som er gjort med stasjonsparken på Arna (PDF): 

Om tilbakeføringen av Arna stasjonspark