Framvisning av 3. klasse, post og konduktørvogn CDFo 620

 IMG 1956 900Foto: Håkon Berg Gunnarson

I forbindelse med stordriftsdagen på Gamle Vossebanen den 10. september, vil vogn CDFo 620 bli vist fram for publikum etter omfattande restaurering. Det var stor glede då Kulturminnefondet som ein del av si nye satsning på bevegelige kulturminner gav støtte til restaurering av den unike postvogna 620 i 2021. Vogna vart levert frå Sødertalje i 1921 til Bergensbanen, og gjekk sine siste år i drift på Vossebanen. Den har tre kupéer med 8 sitteplassar i kvar, eit par klappseter i sidegangen, romsleg postkupé, reisegodsrom og konduktøravdeling. I løpet av dei siste to åra er takpappen fornya, dei gamle overlysvindua rekonstruert, interiøret gjennoppbygd eller pussa opp og all teakkledning er pussa og lakka.

I tillegg til å vera eit viktig kulturminne som vitner om postgangen på jernbanen, blir den nok svært godt mottatt av konduktørbetjeninga på GVB som gjennom mange år ikkje har hatt anna tilhold enn ein vanleg 3. klasse kupé, og som har slitt med å plassera større reisegods som barnevogner i dei godt utnytta sittevognene.

Vi ønsker alle som vil sjå hjertelig velkommen til Garnes på stordriftsdagen som også byr på godstog framført med diesellok og vårt flotte motorvognsett type 86.